top of page

Kjøpsvilkår

Innleiing

Dette kjøpet er regulert av dei standardiserte salsvilkåra for forbrukarkjøp av varer over Internett nedanfor. Forbrukarkjøp over internett blir hovudsakleg regulert av avtalelova, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettslova og ehandelslova, og desse lovene gjev forbrukaren ufråvikelege rettar. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no. Vilkåra i denne avtalen skal ikkje forståast som noka avgrensing i dei lovfesta rettane, men stiller opp dei viktigaste rettane til partane og plikter for handelen.

 

Salsvilkåra er utarbeidde og anbefalte av Forbrukartilsynet. For ei betre forståing av desse salsvilkåra, sjå rettleiinga frå Forbrukartilsynet.

1 Avtalen

Avtalen omfattar desse salsvilkåra, opplysningar som er gjevne i bestillingsløysinga, og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane, først, så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgjeving.

Avtalen vil i tillegg utfyllast av relevante lovføresegner som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.

2 Partane

Seljaren er Marihøna (Mariann Ulltang Birkeland), Lysthaugen 16, 6800 Førde, mariannbirk@gmail.com, 917 85 231, org.nr. 933 453 197 MVA, og er vidare kalla seljaren.

 

Kjøparen er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga, og blir vidare kalla kjøparen.

 

3 Pris

Den opplyste prisen for vara og tenester er den totale prisen kjøparen skal betale. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljaren før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøparen ikkje bere.

4 Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt bestillinga si til seljaren.

 

Avtalen er likevel ikkje bindande dersom det har funnest skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i bestillinga til kjøparen, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil.

5 Betaling

Seljaren kan krevje betaling for vara frå det tidspunktet ho blir send frå seljaren til kjøparen.

 

Dersom kjøparen brukar kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservere kjøpesummen på kortet ved bestilling.

6 Levering

Levering er skjedd når kjøparen eller representanten hans har teke over tingen.

Om ikkje leveringstidspunkt kjem fram av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøparen utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Vara skal leverast hos kjøparen med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane.

7 Risikoen for vara

Risikoen for vara går over på kjøparen når han, eller kjøparen sin representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

8 Angrerett

Med mindre avtalen er halden unna angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av vara i samsvar med angrerettslova.

 

Kjøparen må gje seljaren melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen begynner å gå. I fristen blir alle kalenderdagar inkluderte. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag, blir fristen forlengd til næraste yrkedag.

 

Angrefristen blir rekna som halden dersom meldinga er send før fristen er ute. Kjøparen har bevisbyrda for at angreretten har blitt gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettsskjema, e-post eller brev).

 

Når angrefristen byrjar å gå:

 

Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen springe frå dagen etter vara/varene er motteken/mottekne. Blir eit abonnement selt, eller inneber avtalen jamleg levering av identiske varer, går fristen frå dagen etter første sending er motteken.

 

Omfattar kjøpet fleire leveransar, vil angrefristen gå frå dagen etter at siste levering er motteken. Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utgangen av den opphavlege fristen dersom seljar ikkje før avtaleinngåinga opplyser om at det ligg føre angrerett og standardisert angrerettsskjema. Tilsvarande gjeld ved manglande opplysning om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å nytte angreretten. Sørgjer den næringsdrivande for å gje opplysningane i løpet av desse 12 månadene, går angrefristen ut likevel 14 dagar etter den dagen kjøparen fekk opplysningane.

 

Ved bruk av angreretten må vara leverast tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gjeven. Kjøparen dekkjer dei direkte kostnadene ved å returnere vara, med mindre anna er avtalt eller seljaren har late vere å opplyse om at kjøparen skal dekkje returkostnadene. Seljaren kan ikkje fastsetje gebyr for at kjøparen brukar angreretten.

 

Kjøparen kan prøve eller teste vara på ein forsvarleg måte for å fastslå arten, eigenskapane og funksjonen til vara, utan at angreretten fell bort. Dersom prøving eller test av vara går utover det som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.

Seljaren er forplikta til å betale tilbake kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om avgjerda til kjøparen om å nytte angreretten. Seljaren har rett til å halde tilbake betalinga til han/ho har fått varene frå kjøparen, eller til kjøparen har lagt fram dokumentasjon for at varene er sende tilbake.

9 Forseinking og manglande levering – rettane og fristen til kjøparane for å melde krav

Dersom seljaren ikkje leverer vara eller leverer henne for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje kjem av kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 5 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, krevje oppfylling, heve avtalen og/eller krevje erstatning frå seljaren.

 

Ved krav om mishaldstiltak bør meldinga av bevisomsyn vere skriftleg (til dømes e-post).

 

Oppfylling

Kjøparen kan halde fast på kjøpet og krevje oppfylling frå seljaren. Kjøparen kan likevel ikkje krevje oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som seljaren ikkje kan overvinne, eller dersom oppfylling vil føre med seg ei så stor ulempe eller ein så stor kostnad for seljaren at det står i vesentleg misforhold til interessa til kjøparen i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falle bort innan rimeleg tid, kan kjøparen likevel krevje oppfylling.

Kjøparen taper retten sin til å krevje oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

 

Heving

Dersom seljaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppmode seljaren til å levere innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom seljaren ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heve kjøpet.

 

Kjøparen kan likevel heve kjøpet omgåande dersom seljaren nektar å levere vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljaren om at leveringstidspunktet er avgjerande.

 

Blir tingen levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett, eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vite om leveringa.

 

Erstatning

Kjøparen kan krevje erstatning for lide tap som følgje av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren godtgjer at forseinkinga kjem av hindring utanfor seljaren sin kontroll som ikkje innanfor rimelege grenser kunne blitt teke omsyn til avtaletida, unngått eller overvunne følgja av.

10 Mangel ved vara – rettane og reklamasjonsfristen til kjøparen

Dersom det ligg føre ein mangel ved vara, må kjøparen innan rimeleg tid etter at han blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje seljaren melding om at han eller ho vil vise til mangelen. Kjøparen har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 månader frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøparen tok over vara. Dersom vara eller delar av henne er meint å vare vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

 

Dersom vara har ein mangel og dette ikkje kjem av kjøparen eller forhold på kjøparen si side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter omstenda halde kjøpesummen tilbake, velje mellom retting og omlevering, krevje prisavslag, krevje avtalen heva og/eller krevje erstatning frå seljaren.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

 

Retting eller omlevering

Kjøparen kan velje mellom å krevje mangelen retta og å få levering av tilsvarande ting. Seljaren kan likevel motsetje seg kravet til kjøparen dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller valdar seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal gjennomførast innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å gjennomføre meir enn to rettingsforsøk for same mangel.

 

Prisavslag

Kjøparen kan krevje eit passande prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarar til forholdet mellom verdien av tingen i mangelfull og kontraktmessig stand. Dersom særlege grunnar talar for det, kan prisavslaget i staden setjast lik tydinga av mangelen for kjøparen.

 

Heving

Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heve kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

 

11 Rettane til seljaren ved mishald frå kjøparen

Dersom kjøparen ikkje betalar eller oppfyller resten av pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje kjem av seljaren eller forhold på seljaren si side, kan seljaren i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter omstenda halde vara tilbake, krevje oppfylling av avtalen, krevje avtalen heva og dessutan krevje erstatning frå kjøparen. Seljaren vil også etter omstenda kunne krevje renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uhenta varer.

 

Oppfylling

Seljaren kan halde fast på kjøpet og krevje at kjøparen betaler kjøpesummen. Er vara ikkje levert, taper seljaren retten sin dersom han ventar urimeleg lenge med å fremje kravet.

 

Heving

Seljaren kan heve avtalen dersom det ligg føre vesentleg betalingsmisleghald eller anna vesentleg misleghald frå kjøparen si side. Seljaren kan likevel ikkje heve dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastset seljaren ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betalar innanfor denne fristen, kan seljaren heve kjøpet.

 

Renter ved forseinka betaling/inkassogebyr

Dersom kjøparen ikkje betalar kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan seljaren krevje renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter førre varsel, bli sendt til inkasso. Kjøparen kan då bli halden ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

 

Gebyr ved uhenta ikkje-forskotsbetalte varer

Dersom kjøparen lèt vere å hente ubetalte varer, kan seljaren belaste kjøparen med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekkje det faktiske utlegget til seljaren for å levere vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.

12 Garanti

Ein garanti som blir gjeven av seljaren eller produsenten, gjev kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgjeving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i retten kjøparen har til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.

13 Personopplysningar

Den behandlingsansvarlege for innsamla personopplysningar er seljaren. Med mindre kjøparen samtykkjer til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, berre hente inn og lagre dei personopplysningane som er nødvendige for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalen. Personopplysningane til kjøparen vil berre bli utleverte til andre dersom det er nødvendig for at seljaren skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovfesta tilfelle.

14 Konfliktløysing

Klager skal rettast til seljaren innanfor rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøve å løyse eventuelle tvistar på minneleg vis. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.

 

Klageportalen til Europakommisjonen kan også brukast dersom du ønskjer å sende inn ei klage. Det er særleg relevant dersom du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klaga kan sendast inn her: http://ec.europa.eu/odr.

bottom of page