Om meg
Eg heiter Mariann Ulltang Birkeland og har alltid vore glad i handarbeid og å gjere kreative ting. Det meste av livet har eg hatt ein «vanleg jobb», men i 2024 tok eg steget og starta for meg sjølv. Det har vore ein draum i mange år, så eg tenkte det var no eller aldri!

Bedrifta mi
I Marihøna sy- og keramikkverkstad får eg brukt kreativiteten min på det eg likar best her i verda, nemleg å drive med handarbeid. Eg kosar meg ordentleg når eg held på, og eg legg sjela mi i det eg lagar. Difor er det ekstra hyggjeleg å få gode tilbakemeldingar på det folk har kjøpt!

Keramikk og festdrakter
Eg brukar ulike teknikkar når eg lagar keramikk: Eg støyper mellom anna i flytande porselensleire, og eg brukar steingodsleire. Når eg jobbar med steingods, kosar eg meg med teknikkar som dreiing, plateteknikk og pølseteknikk.
Festdraktene mine er unike - eg lagar berre éi av kvar, og eg er glad i fargar. Nokre drakter har eg laga etter eige hovud, og andre har eg laga på bestilling i samarbeid med kunden.
Handverk kostar litt meir enn det masseproduserte, men resultatet blir ting med sjel og ting ein blir glad i!
