top of page

Målekveld

Dekorer din eigen keramikk!

20240826_123702 (1).jpg

Mål på keramikk

Eg kosar meg med å arrangere målekveldar. Til dette har eg råbrend keramikk, koppar, skåler, fat, muggar osb., og utstyr til å måle med. Dermed kan du lage din eigen personlege keramikk. Dette er noko alle kan få til, og det krevst ingen forkunnskapar!

Delta på eit arrangement eller lag ditt eige

Eg arrangerer opne målekveldar på verkstaden min i Brunosten (Fjellvegen 10 i Førde), og eventuelt kan eg kome til dykk for å arrangere. Er de ein veninnegjeng eller kanskje arbeidskollegaer som vil ha ein sosial kveld? Då kan kanskje ein kveld med måling på keramikk vere noko nytt og spennande? Ta kontakt, så får vi til noko i lag!

20240919_202345.jpg
20240920_165238.jpg

Ta kontakt!

Under arrangementa på Facebook-sida mi, @marihonaverkstad, legg eg ut komande målekveldar.

Vil du arrangere din eigen kveld med til dømes vener eller kollegaer i Sunnfjord og områda rundt, kan du ta kontakt på mariannbirk@gmail.com eller 917 85 231.

Skal vi vere på verkstaden, kan eg ta imot grupper på
5–16 personar. Skal eg vere hos dykk, bør de vere
10–20 personar. Prisen inkluderer ein kopp, måling, utstyr og brenning.


For arrangement utanfor verkstaden kjem det eit tillegg på 1000 kroner.

bottom of page